onsdag 30. april 2008

Yrkesetisk seminar !

Yrkesetisk seminar 26.03.08-28.03-08

I tre dagar når har me hatt eit yrkesetisk seminar, det var eit samarbeid mellom KRL og pedagogikkfaget. Eg var utruleg spent på detta seminaret, og viste ikkje heilt kva det gjekk ut på.

Den første dagen hadde vi litt undervisning der me fikk eit innblikk i sikkerheit, etikk, moral, opplysningsplikt og om teieplikt. Her fekk vi møkje nyttig informasjon som er veldig relevant til yrke som lærar. Det var utruleg spennande, men også litt skremmande å få eit innblikk i kor mange dilemma ein kan komma opp i som lærar. Spesielt balansen mellom teieplikt og opplysningsplikt er noko som kan gje ein utfordring for ein lærar. Her er det viktig å tenka på at me ikkje er aleine å at vi har mange støtteapparat rundt oss som vi bør nytta oss av. Her kan me nytta oss av andre tilsette på skulen , rektor, rådgivaren, PPT osv.

Da førelesinga var ferdig blei vi delt i grupper, her kom eg i gruppa med Ane Kesia Fatland og Kari Åsheim. Det var utruleg spennande å få jobba med nokon eg ikkje hadde jobba med før, og det var to damer satt med møkje kunnskap. Ane Kesia var godt førebrett som vanleg, så ho hadde resarvert eit gruppe rom til oss. Vi satt oss inn å starta på den første oppgåva som var og laga 10 yrkesetiske bod for læare.

10 yrkesetiske bod for læare:

1. Læraren må være ein god klasseleiar, vise omsorg og å sjå kvar einskilde elev
- Skape interesse, tillit og tryggleik
2. Læraren må kunne leie læringsprosessen i tråd med gjeldande lovar og reglar
- Teieplikt, opplysningsplikt, tilpassa opplæring
3. Læraren må være ein god arbeidsleiar og ein god rollemodell/forbilde
- Komme presis, være godt forberedt, skape ro, ”alltid på jobb”
4. Læraren må ha evne til å kommunisere og samarbeide
- Med elevane, føresette og kollegaer
5. Læraren må ha evne til å kunne gi og ta imot konstruktiv tilbakemelding
6. Læraren må ha evne til å takle endringar og uførutsette hendingar
- Ingen dag er lik, gode planar må kanskje endrast undervegs, døme: ”episodar frå frminutt"
7. Læraren må ha god fagleg kompetanse
8. Læraren må være kreativ og tenkje positivt
- Variasjon og differensiering
9. Læraren må ha god sjølvinnsikt
- Sjå seg sjølv med andre sine auger
10. Læraren må alltid kunne sjå potensialet hos seg sjølv og andre
- Alle har utviklingspotensiale og positive sider – ulike ”intelligenser”


Engasjement ser me på som den viktigaste evna for ein god lærar, og kjem som eit underpunkt for alle boda. Etisk refleksjon over læraren si rolle botnar heilt klart i fleire ulike etiske teoriar, yrkesetikken handlar kanskje mest av alt om å utøve skjønn.
Etiske normer og regler må tolkast og brukast i lys av ein lærar sin kvardag. Å finne ut kva som er det rette eller det beste å gjere i ein bestemt situasjon (normativ etikk). Mange gonger vil ein lærar kome opp i ulike etiske dilemma, ein val situasjon der handlings alternativa kvar for seg ønskjer å ivareta gode omsyn.

Vi brukte veldig lang tid på å utforma dei 10 boda, noko av grunnen var vel at det var så møkje vi ville ha med, det å bli 100% einige i kass kronologisk rekkefølgje vi skulle ha var ikkje like lett. Men omsider blei me einige og eigentleg ganske nøgd me resultatet.
Dag nummer to skulle me møtas å sjå på casane, sia eg dessverre skulle i ein gravferd hadde eg ikkje moglegheit til å vera me gruppa. Vi blei einige med KRL læraren vår at eg skulle ta case 3 aleine så fekk de andre ta dei andre casane. Det var utruleg trist at eg ikkje fekk vera med på gruppe oppgåva, eg trur det ville vert utruleg lærerikt for meg, men er ikkje alt vi kan gjer noko med så det fekk bli som det ble.

Dag tre var det framføring av casane, då gjekk me saman 5 grupper med ein lærar for å diskutera og gå igjennom casane vi hadde jobba med. Kvar gruppe fekk ein case som dei skulle fortelja kva dei hadde svart på, etter på kom dei andre gruppene med innspel om dei hadde det.
Dagen gjekk utruleg fort å vi lærte utruleg møkje. Det blei ein del diskusjon i klasse, men det var berra kjekt. Det var morosamt og lærerikt når klassen var så engasjert. Det var mange meiningar og heftig diskusjon. Personleg lærte eg møkje, eg fekk eit godt innblikk i situasjonar som ein kan møta i yrke som lærar. Eg fekk sjå at det er møkje ein må tenkja på som lærar og mange omsyn ein må ta, som kan vera veldig utfordrande. Det å få ein balanse mellom etikk og moral, og at det oftast er fleir partar ein skal/må ta omsyn til på sama tid er ein vanskeleg utfordring som ein får/kan møta titt og ofte.

Ingen kommentarer: