tirsdag 29. april 2008

Ynskjeøkt (spesialpedagogikk)


Eg va ikkje tilstades i dag på ynskjeøkta noko som eg syns var utruleg trist. Sida eg etter min lærarutdanning vil ta spesialpedagogikk hadde det vert spennande å få ein lite "intro" til faget. Sida eg ikkje va tilstades så har eg lest bloggane til dei andre i klassen og lest igjennom Powerpoint presentasjonen som er lagt ut frå undervisninga.

(ved sia av har eg lagt ved et bilete som eg har teikna på pc-en imens eg satt å tenke over kva eg skulle skriva i bloggen. Bilete er ein liten demonstrasjon på mine tankar om spesialundervisning, bilete symbolisera: at alle borna er ”like” sjølv om dei er ulike. Kvar farge symbolisere eit born, som tilsamen dannar ein sirkel. Alle borna har forskjellige behov, tankar osv..)

Spesialpedagogikk:


Ifølge institusjonen for spesialpedagogikk er spesialpedagogikk et fag som på eit overordna nivå skal integrere mange ulike og viktige perspektiv knytet til opplæring og utvikling for menneske som på ein eller anna måte har vanskar med å nytta dei vanlege opplærings- og oppvekstrammene som er definert i kulturen. (http://www.isp.uio.no/omisp/hvaerspesped.html)

Spesialundervisning:


Det finnes mange forskjellige born, og alle har ulike behov. Her er det utfordringar som er vanskelege for ein ”vanleg” lærar. Alle borna har rett påtilpassa opplæring og spesialundervisning er ein form for det. Borna som oftast har slik undervisning er born med ein form for funksjonssvikt, døme; skrivevanskar, rullestolbrukar, born med ADHD, sosiale vanskar osv.. Det er mange forskjellige former for spesialundervisning og det er ikkje opp til læraren å finna den ”beste” løysningen, men å senda eleven vidare til fagfolk som kan diagnostisera problemet og finna den ”rette” løysningen.

I ein klasse i dag er det veldig stort behov for spesialundervisning, dei seiast at 1-2 elevar av en klasse på 25 elvar har behov for spesialundervisning. Behovet for å ha ein breiare udanning enn allmennlærar aukar og spesialpedagogikk utdanninga er då eit alternativ. Det er etter samtale med praksislæraren vår eg har kommen frå til denne konklusjonen . Hu hadde ikkje spesspedd utdanning, men ho følte ho trengte det nesten etter kvar dag. Det var fleir av lærarane som var tilsette på skulen som hadde spesial undervisning som ikkje hadde utdanninga til det. Detter syns eg er litt skremmande og det burde absolutt ikkje vert slik!

Det er utruleg viktig å ta desse problema alvorleg. Born som har behov for spesiallundervisning bør få hjelp så kjapt som muleg. Og det er viktig dei får den hjelpa dei treng av personar med den rette kunnskapen. Jo fortare ”problemet” blir funnet ut av jo betre og lettare blir det å takla problemet, både for eleven og menneska rundt an.
Eg håpar at ein gong i framtida vil spesialpedagogikk bli eit obligatorisk fag i lærarutdanninga.

2 kommentarer:

Bertin sa...

Hei

Det ser ut som du har mange tankar kring dette temaet - noko eg trur er svært viktig om dersom du har tenkt å gå vidare i retning spesialpedagogikk. Eg trur du vil passe godt inn i ein slik rolle.

Cecilie sin blogg sa...

Tusen takk for komentaren Bertin ;) Er kjekt du trur eg vil passa i ein slik rolle :) Får meir motivasjon då ;) Har lest litt på bloggen din :) Mye bra der :)

Lykke til med eksamens resultatet :)