onsdag 30. april 2008

Tilpassa opplæring!


Tilpassa opplæring er eit vanskeleg , men eit utruleg viktig tema. Det er noko som har vert sia opplærings love frå 1998. Tilpassa opplæring er ein plikt for skuleeiara, opplæringsstadets leiing og personalet til å gje ein god og forsvarleg opplæring ut ifrå den enkeltes evner og føresetnader. Tilpassa opplæring skal søga føre at alle elvane får den læringa dei har rett på.


Vi er alle forskjellige, alle har forskjellige behov. Eg er tilhengar av MI-teorien til Gardiner, den seiar det at alle har noko dei e god på, men alle er ikkje god på det sama, og det er vel derfor tilpassa opplæring er så viktig.
Det er ikkje lett å gjennomføra 100% tilpassa opplæring iallfall ikkje når du er ein lærar med 25 elevar.


I førelesinga til Aashild gjekk vi igjennom nokon moment som ein bør ta omsyn til.

1. For å gjennomføra tilpassa opplæring for alle elevar må kompetansemåla brytas ned og formulerast på ein måte som gjer det mogleg for elevane å vita når dei har nådd måla.
2. Ein må gje eleven kunnskap på korleis ein skal skildra måla, og korleis kvart individ kan nå målet på ulike nivå.

Det som er eit problem med å gjennomfør tilpassa opplæring er pengar, pengar, pengar, alt kostar og der er her problema kjem. Skulen har ikkje nok pengar til og gjennomføra tilpassa opplæring lika bra som ein kanskje ynske. Eit tiltak som burde vert gjort var at det var laga mindre klassar, slik ein lærar hadde hatt mindre elevar å ha ansvar øve. Da hadde det vert lettare å tilpasse undervisninga og elevane ville fått meir tid til saman med læraren, elvane ville blitt sett meir, og der ville vert lettare å laga eit undervisnings opplegg som dekker fleir elevar i klassen. Eg håpar at politikarane vil sjå meir på denne problemstillinga slik det kanskje kunne blitt gitt meir pengar til skolane. Det er borna vår som skal ta øve samfunnet etter oss, og da er det viktig at dei får den ”rette” opplæringa dei har krav på!


Etter undervisnings økta gjekk me i grupper, her skulle vi laga ein time med tilpassa opplæring. Mi gruppa tok utgangspunkt i ein matte time i 5 klasse, her er våras resultat av gruppe arbeidet:


Ulike måter å gjennomføre tilpasset opplæring


v Tilpasset opplæring
- Differensiering
v Passende arbeidsmåter
- Variasjon
v Passende organisering
- Gruppesammensetting
- Læringsarena
v Læringsstrategier
- Mange intelligenser
- Læringsstiler

Undervisningsopplegg

--- Dette er på bokmål sia vi skreiv dette samen i gruppa.


Klasse: 5.trinn
Fag: Matematikk – stasjoner
Tid: 90 minutt: 15 min innføring, 4x15 min stasjoner
Grupper: 4 grupper delt inn i nivå ca 5 elever
Tema: Multiplikasjon og divisjon

Innføring i sammenheng mellom multiplikasjon og divisjon felles med alle elevene.

Stasjonene:¨



1. Lærestasjon
Læreren lærer eleven typiske regler og ting å huske på ved multiplikasjon og divisjon. Her er det lett å legge til rette for elever med spesielle behov, ettersom læreren styrer løpet selv og kan lett variere etter hvilken gruppe han/hun har.



2. Oppgavestasjon
Elevene jobber med oppgaver med det stoffet som de akkurat har lært. Elevene jobber med den fargen/nivået som passer dem, og som de har fått tildelt i samarbeid med læreren.



3. Butikk
Handler ulike ting, der prisen er oppgitt for x-antall, eller pr stk, og de må bruke multiplikasjon og divisjon. De svake elevene lager seg ikke de mest avanserte stykkene.



4. Pc
Jobbe med oppgaver som går på multiplikasjon og divisjon. Gyldendal & Cappelen. Her finnes det flere nivå, som elevene selv kan velge etter hvor de tror de hører til.

Vi har bevisst satt opp denne rekkefølgen på stasjonene der den svakeste gruppen begynner på stasjon 1. Dette for at da er konsentrasjonen fortsatt inntakt, og derfor gjør de det kjekkeste til slutt.

Yrkesetisk seminar !

Yrkesetisk seminar 26.03.08-28.03-08

I tre dagar når har me hatt eit yrkesetisk seminar, det var eit samarbeid mellom KRL og pedagogikkfaget. Eg var utruleg spent på detta seminaret, og viste ikkje heilt kva det gjekk ut på.

Den første dagen hadde vi litt undervisning der me fikk eit innblikk i sikkerheit, etikk, moral, opplysningsplikt og om teieplikt. Her fekk vi møkje nyttig informasjon som er veldig relevant til yrke som lærar. Det var utruleg spennande, men også litt skremmande å få eit innblikk i kor mange dilemma ein kan komma opp i som lærar. Spesielt balansen mellom teieplikt og opplysningsplikt er noko som kan gje ein utfordring for ein lærar. Her er det viktig å tenka på at me ikkje er aleine å at vi har mange støtteapparat rundt oss som vi bør nytta oss av. Her kan me nytta oss av andre tilsette på skulen , rektor, rådgivaren, PPT osv.

Da førelesinga var ferdig blei vi delt i grupper, her kom eg i gruppa med Ane Kesia Fatland og Kari Åsheim. Det var utruleg spennande å få jobba med nokon eg ikkje hadde jobba med før, og det var to damer satt med møkje kunnskap. Ane Kesia var godt førebrett som vanleg, så ho hadde resarvert eit gruppe rom til oss. Vi satt oss inn å starta på den første oppgåva som var og laga 10 yrkesetiske bod for læare.

10 yrkesetiske bod for læare:

1. Læraren må være ein god klasseleiar, vise omsorg og å sjå kvar einskilde elev
- Skape interesse, tillit og tryggleik
2. Læraren må kunne leie læringsprosessen i tråd med gjeldande lovar og reglar
- Teieplikt, opplysningsplikt, tilpassa opplæring
3. Læraren må være ein god arbeidsleiar og ein god rollemodell/forbilde
- Komme presis, være godt forberedt, skape ro, ”alltid på jobb”
4. Læraren må ha evne til å kommunisere og samarbeide
- Med elevane, føresette og kollegaer
5. Læraren må ha evne til å kunne gi og ta imot konstruktiv tilbakemelding
6. Læraren må ha evne til å takle endringar og uførutsette hendingar
- Ingen dag er lik, gode planar må kanskje endrast undervegs, døme: ”episodar frå frminutt"
7. Læraren må ha god fagleg kompetanse
8. Læraren må være kreativ og tenkje positivt
- Variasjon og differensiering
9. Læraren må ha god sjølvinnsikt
- Sjå seg sjølv med andre sine auger
10. Læraren må alltid kunne sjå potensialet hos seg sjølv og andre
- Alle har utviklingspotensiale og positive sider – ulike ”intelligenser”


Engasjement ser me på som den viktigaste evna for ein god lærar, og kjem som eit underpunkt for alle boda. Etisk refleksjon over læraren si rolle botnar heilt klart i fleire ulike etiske teoriar, yrkesetikken handlar kanskje mest av alt om å utøve skjønn.
Etiske normer og regler må tolkast og brukast i lys av ein lærar sin kvardag. Å finne ut kva som er det rette eller det beste å gjere i ein bestemt situasjon (normativ etikk). Mange gonger vil ein lærar kome opp i ulike etiske dilemma, ein val situasjon der handlings alternativa kvar for seg ønskjer å ivareta gode omsyn.

Vi brukte veldig lang tid på å utforma dei 10 boda, noko av grunnen var vel at det var så møkje vi ville ha med, det å bli 100% einige i kass kronologisk rekkefølgje vi skulle ha var ikkje like lett. Men omsider blei me einige og eigentleg ganske nøgd me resultatet.
Dag nummer to skulle me møtas å sjå på casane, sia eg dessverre skulle i ein gravferd hadde eg ikkje moglegheit til å vera me gruppa. Vi blei einige med KRL læraren vår at eg skulle ta case 3 aleine så fekk de andre ta dei andre casane. Det var utruleg trist at eg ikkje fekk vera med på gruppe oppgåva, eg trur det ville vert utruleg lærerikt for meg, men er ikkje alt vi kan gjer noko med så det fekk bli som det ble.

Dag tre var det framføring av casane, då gjekk me saman 5 grupper med ein lærar for å diskutera og gå igjennom casane vi hadde jobba med. Kvar gruppe fekk ein case som dei skulle fortelja kva dei hadde svart på, etter på kom dei andre gruppene med innspel om dei hadde det.
Dagen gjekk utruleg fort å vi lærte utruleg møkje. Det blei ein del diskusjon i klasse, men det var berra kjekt. Det var morosamt og lærerikt når klassen var så engasjert. Det var mange meiningar og heftig diskusjon. Personleg lærte eg møkje, eg fekk eit godt innblikk i situasjonar som ein kan møta i yrke som lærar. Eg fekk sjå at det er møkje ein må tenkja på som lærar og mange omsyn ein må ta, som kan vera veldig utfordrande. Det å få ein balanse mellom etikk og moral, og at det oftast er fleir partar ein skal/må ta omsyn til på sama tid er ein vanskeleg utfordring som ein får/kan møta titt og ofte.

Sikker som aldreg før!


Nå er praksis periodane ferdig for detta året, det har vært nokon spennande og utfordrande veker. Eg har fått eit møkje betre innblikk i korleis det eigentleg er å vara lærar. Sjølv om ein ikkje får den heilt rette ”feelingen” før ein har starta for fult i yrket, syns eg me får eit greitt innblikk i korleis ting fungerar.

Eg har sidan eg var ganske så liten hatt læraryrke høgt på min ”ønskeliste” å alltid vert sikker på at eg vil jobbe med born og ungdom. Eg ha nesten alltid sagt at eg vil jobba med ungdom og ikkje barn yngre enn 12-13 år. Etter disse vekene har eg forandra litt meining og blitt meir sikker på noe. Det at eg ikkje vil jobba med yngre born enn 12- 13 års alderen er eg ikkje så sikker på lengre, nå har eg faktisk godt heilt ned til 5 trinn. Eg har funnet ut at frå 5 og oppover hadde det vert spennande og fått undervisa. Om dette forandrar seg igjen etter neste praksis periode når me har vert på barnetrinne kan godt være, men akkurat nå er tankane mine slik.


Så det er ingen tvil om eg vil bli lærar sjølv om enkelt dagar i praksis kjente eg meg kjempe sliten og ille til mote, men det å få jobbe med barn og unge er ein gåve. Å jobba i et yrke der ingen dag, eller time er lik ser eg frem til. Det å få jobbe med andre menneske og få sjå utvikling til borna du jobbar med må vera heilt fantastisk. Eg vett yrke kan by på ein del utfordringar, men det er noko av det som lokkar meg mot eit liv som lærar.
"Kvart born er unikt, og ingen dag er lik"

tirsdag 29. april 2008

Bruk av IKT i praksis


Det har vert mye snakk om at vi skal fokusere på Ikt i praksis, eg må dessverre vera så ærleg å sei at det har eg ikkje vert flink nok til. Eg har fått brukt det litt, men ikkje så møkje som eg skulle ønska. Dei timane eg har hatt har elevane brukt data litt til å gjera nokon oppgåver i samfunnsfag. Der brukte dei internett for å finna svar på spørsmål som dei ikkje fant svaret på i boka.




Eg syns det veldig viktig me IKT og bruk av data, men har erfart litt at det ikkje alltid funger slik som det skal, det derfor lett å ty til bøkene som du kan ”stole” på. Det tar også litt tid og setta seg inn i rutinen på data, men eg håpar det vil bli lettare å få tilgang til Ikt neste praksis. Ikkje minst at eg blir flinkare til å bruke Ikt neste praksis.

Praksis periode 3 !

Disse tre vekene har vert heilt unike, eg har lært så utruleg møkje. Ikkje berra korleis det er å jobba og vara ein lærar, men også møkje om meg sjølv. Det har vore viktig i denne praksisen å tenkja nøye øve kvifor ein gjer som ein gjer og kva utbytte elevane har.

Dei forgje vekene i praksis fekk eg møkje nyttig tilbakemeldingar frå praksis læraren vår, eg fekk ein del punkter som eg burde jobba med. Først blei eg litt usikker, skeptisk og ille til mot, følte det var alt for møkje og sette fingeren på. Når eg gjekk him fekk eg tenkt øve kva som eigentleg hadde blitt sagt, da skjønte eg raskt at alt tilbakemelding var bra å relevant. Det var jo derfor eg var i praksis. For å prova, læra og feila.

Så denne praksis perioden bestemte eg meg for og sette spesifikke mål og konsentrere meg om kva eg gjorde og kvifor. Eg ville også fokusera på korleis eg skal te meg som en inspirator og ein arbeidsledar.
----------------------------------------------------------------------------------------------------
-Mål for praksis:
(Sist praksis periode hadde eg et ganske vit mål, så denne perioden har eg valt tre mål som eg syns henger i saman og er viktige å huska på når en skal tre inn i rolla som lærar.)

1. Tre inn i voksen rolla og være den vaksne i klasserommet.
2. Passa på korleis eg snakkar til og med elevane.
3. Få til eit undervisnings opplegg som er motiverande.
---------------------------------------------------------------------------------------------

Det er ikkje berre berra å vera ein inspirator og ein arbeidsleiar. Det eg trur er viktig når du skal tre inn i ein slik rolle er og ha klare mål for timen. Det er viktig og tenkja på kvifor ein gjer som ein gjer, og gjera elevane beviste på kvifor dei skal gjera det dei skal og korleis dei skal nå måla som er satt.

Når eg kom ut i praksis skjønte eg raskt at det ofte er vanskeligare enn ein først trur, og at det 90% av tida ikkje blir slik ein først antar. Den fyrste uka syns eg det var veldig vanskeleg og gå inn i rolla som inspirator og arbeidsleiar. Eg var nervøs og det satt fleir vaksne bak i klasserommet og så på når eg skulle undervisa, dette gjorde at eg fort blei usikker å syns det var vanskeleg og gjera som eg hadde planlagt. Etter ein lita samtale me praksis lærar fekk eg ny motivasjon. Eg bestemte meg føre og gå inn i rolla 100% og ikkje bry meg om dei som satt bark, heller sjå på det som et pluss og ta te meg den tilbakemeldinga eg fekk.

Uti andre veka begynte ting og gå møkje betre, eg følte eg fekk elevane med meg i timane og eg hadde klare retningslinjer på korleis eg ville ha det i ”mine” timar, timane blei møkje betre.
At ting blei betre merka eg spesielt etter den eine norsk timen eg hadde, når eg hadde om improvisasjon. Her hadde eg valt eit opplegg der elevane skulle bevega seg og eg viste det lett kunne bli tull. Her var eg med elevane på oppgåva dei fekk, eg hadde på forhand gitt dei eit signal eg skulle bruka når eg ville det skulle væra stille. Dette fungerte overraskande bra og elevane koste seg. Her fikk eg sjå kor viktig det var å tenka nøye igjennom kvifor eg gjorde slik som eg gjorde, og kvifor elevane gjorde slik som dei gjorde. Eg hadde på forhand tenkt på eventuelle problema som kunne oppstå , for å forhindra at dei kom opp sa eg klart ifrå i starten av timen på korleis eg ville timen skulle bli.

Å vera inspirator kan vera så mangt, men får meg var fokuset denne praksisen at eg tenkt på å motivera elevane og få dei med meg. Eg har hatt om en del vanskelege tema å har slitt litt med det og finne den godte motivasjons faktoren. Eg vett dette er noe eg må jobbe mye med, for eg vett sjølv kor vitig det er å ha ein lærer som er flink til og motivera. Når det er sakt så må eg sei at i noen av timane følte eg at eg fekk det til, når eg hadde om improvisasjon og i naturfag gjekk det bra, det var nok for eg hadde ting å visa frem og kunne samanlikna elevane med dagliglivet og fagstoffet. Eg fekk verkeleg sjå kor viktig det er med noko å inspirera elevane med, og kor vanskeleg det kan vera å finna. Personleg trur eg dette vil bli letter etter kvart eg komme meir inn i ”gamen” ikkje minst når eg veit sjølv kor viktig det er!

Etter praksisperioden var ferdig for denne gang hadde eg ein samtale med praksislæraren, der eg fekk tilbakemelding på korleis ho syns praksisperioden min hadde våre. Eg har ennå ein del å jobba med, men det skulle vell bare mangla, elles fekk eg mange positive tilbakemeldingar som eg satt utruleg pris på. Ein tilbakemelding som eg satt pris veldig høg pris på var at var utruleg flink til å ta til meg både positive og negativ tilbakemelding. Ho så at eg jobbe med det vi hadde snakket om og at eg heila tida var fokusert på å gjer mitt beste og vidareutvikla meg.
I eit yrke som lærar syns eg akkurat det med å takla tilbakemelding er viktig. Det er viktig å kunne gje å få tilbakemelding for og kunne gjer ein betre jobb, uansett kas yrke ein veljar. Det at andre sjår at ein prove å gjer noko med tilbakemeldingen er kjekt. Er ein bevist over tinga me gjer, både positive og negative, og jobbar med å forbedra oss trur eg me vil nå møkje lengre enn vist ein ikkje heilt klara å ta i mot tilbakemeldinger.
Eg gler meg skikkeleg til neste paksis år, litt vemodig at me ikkje skal ha smae klasse nå når me har blitt så glas i dei, men me lære nok meir nå når me skal prova oss ut på ein anna klasse og ein anna aldersgruppe :)

Ynskjeøkt (spesialpedagogikk)


Eg va ikkje tilstades i dag på ynskjeøkta noko som eg syns var utruleg trist. Sida eg etter min lærarutdanning vil ta spesialpedagogikk hadde det vert spennande å få ein lite "intro" til faget. Sida eg ikkje va tilstades så har eg lest bloggane til dei andre i klassen og lest igjennom Powerpoint presentasjonen som er lagt ut frå undervisninga.

(ved sia av har eg lagt ved et bilete som eg har teikna på pc-en imens eg satt å tenke over kva eg skulle skriva i bloggen. Bilete er ein liten demonstrasjon på mine tankar om spesialundervisning, bilete symbolisera: at alle borna er ”like” sjølv om dei er ulike. Kvar farge symbolisere eit born, som tilsamen dannar ein sirkel. Alle borna har forskjellige behov, tankar osv..)

Spesialpedagogikk:


Ifølge institusjonen for spesialpedagogikk er spesialpedagogikk et fag som på eit overordna nivå skal integrere mange ulike og viktige perspektiv knytet til opplæring og utvikling for menneske som på ein eller anna måte har vanskar med å nytta dei vanlege opplærings- og oppvekstrammene som er definert i kulturen. (http://www.isp.uio.no/omisp/hvaerspesped.html)

Spesialundervisning:


Det finnes mange forskjellige born, og alle har ulike behov. Her er det utfordringar som er vanskelege for ein ”vanleg” lærar. Alle borna har rett påtilpassa opplæring og spesialundervisning er ein form for det. Borna som oftast har slik undervisning er born med ein form for funksjonssvikt, døme; skrivevanskar, rullestolbrukar, born med ADHD, sosiale vanskar osv.. Det er mange forskjellige former for spesialundervisning og det er ikkje opp til læraren å finna den ”beste” løysningen, men å senda eleven vidare til fagfolk som kan diagnostisera problemet og finna den ”rette” løysningen.

I ein klasse i dag er det veldig stort behov for spesialundervisning, dei seiast at 1-2 elevar av en klasse på 25 elvar har behov for spesialundervisning. Behovet for å ha ein breiare udanning enn allmennlærar aukar og spesialpedagogikk utdanninga er då eit alternativ. Det er etter samtale med praksislæraren vår eg har kommen frå til denne konklusjonen . Hu hadde ikkje spesspedd utdanning, men ho følte ho trengte det nesten etter kvar dag. Det var fleir av lærarane som var tilsette på skulen som hadde spesial undervisning som ikkje hadde utdanninga til det. Detter syns eg er litt skremmande og det burde absolutt ikkje vert slik!

Det er utruleg viktig å ta desse problema alvorleg. Born som har behov for spesiallundervisning bør få hjelp så kjapt som muleg. Og det er viktig dei får den hjelpa dei treng av personar med den rette kunnskapen. Jo fortare ”problemet” blir funnet ut av jo betre og lettare blir det å takla problemet, både for eleven og menneska rundt an.
Eg håpar at ein gong i framtida vil spesialpedagogikk bli eit obligatorisk fag i lærarutdanninga.