onsdag 30. april 2008

Sikker som aldreg før!


Nå er praksis periodane ferdig for detta året, det har vært nokon spennande og utfordrande veker. Eg har fått eit møkje betre innblikk i korleis det eigentleg er å vara lærar. Sjølv om ein ikkje får den heilt rette ”feelingen” før ein har starta for fult i yrket, syns eg me får eit greitt innblikk i korleis ting fungerar.

Eg har sidan eg var ganske så liten hatt læraryrke høgt på min ”ønskeliste” å alltid vert sikker på at eg vil jobbe med born og ungdom. Eg ha nesten alltid sagt at eg vil jobba med ungdom og ikkje barn yngre enn 12-13 år. Etter disse vekene har eg forandra litt meining og blitt meir sikker på noe. Det at eg ikkje vil jobba med yngre born enn 12- 13 års alderen er eg ikkje så sikker på lengre, nå har eg faktisk godt heilt ned til 5 trinn. Eg har funnet ut at frå 5 og oppover hadde det vert spennande og fått undervisa. Om dette forandrar seg igjen etter neste praksis periode når me har vert på barnetrinne kan godt være, men akkurat nå er tankane mine slik.


Så det er ingen tvil om eg vil bli lærar sjølv om enkelt dagar i praksis kjente eg meg kjempe sliten og ille til mote, men det å få jobbe med barn og unge er ein gåve. Å jobba i et yrke der ingen dag, eller time er lik ser eg frem til. Det å få jobbe med andre menneske og få sjå utvikling til borna du jobbar med må vera heilt fantastisk. Eg vett yrke kan by på ein del utfordringar, men det er noko av det som lokkar meg mot eit liv som lærar.
"Kvart born er unikt, og ingen dag er lik"

Ingen kommentarer: