fredag 2. mai 2008

"Vaksne reflekteringar og synsing angåande faget pedagogikk¨



Refleksjons notat i pedagogikk 2007-2008

Då var året omme, og det er tid for å setta seg ned å reflektera over kva eg eigentleg har lært detta året. Det har vert eit utruleg lærerikt år, og eg gledar meg til å få kunne fortsetja og læra mykje meir om pedagogikkfaget allereie etter sommaren.

Mine forventningar til faget:

Når eg først byrja på allmennlærar var pedagogikkfaget det faget eg gleda meg mest til. Eg visste lite om kva det gjekk ut på, men var utruleg spent på å finna det ut. Eg hadde høyrt mykje om faget, og høyrt ”fine” setningar som ”ein god lærar må vera ein god pedagog”. Men kva var eigentleg ein god pedagog?

Eg hadde som tidligare nemnt lite kunnskap om faget, men eg visste at som lærar er pedagogiske evner viktige. Derfor gleda eg meg til å få eit innsyn i kva det eigentleg var, og å få læra og bruka det i yrkesvalet mitt.

Eg trudde pedagogikken skulle vera utruleg tung, men eg visste samstundes at det kom til å vera interessante tema, så eg gleda meg meir enn eg grua meg. Med bruk av blogging, praksis og ikkje minst mappeoppgåver har eg lært utruleg mye.

Kva eg syns om faget:

Eg må innrømma at blogginga er sannsynlegvis det eg har lært mest av. Det har vært til tider tidkrevjande, men ein har måtta jobba jamt heila året, noko som eg lærar betre av syns eg. Det nytta liksom ikkje å liggja på latsida. Når vi har blogga etter kvar time, har vi vert nøtt til å setta oss inn i kvart emne og ikkje minste lesa pensum. Ein har vert nøtt til å gå heim etter timen og tenkje over kva vi eigentleg har gjort i dag. Kva har vi lært osv…

Korleis vi har jobba og kva eg har lært:

Når eg nå les igjennom bloggane mine og ser tilbake på dei fyrste bloggane eg skreiv, ser eg ein forbetring(heldigvis). Eg sleit skikkelig med å finna ut kva eg skulle skriva i byrjinga, men eiter kvart så blei det berre lettare og lettare. Eg må og innrømma at dei siste bloggane er eg riktig så fornøgd med. Eg har funnet min stil, og har sett viktigheita med å skriva ein god blogg. Difor håpar eg at vi får moglegheit til å nytta denne arbeidsmetoden neste år. ( Folk vil nok bli flinkare til å være kritisk venn, og blogga nå når dei har erfaring)

Utanom blogging så har faget vert prega av ein del teori, og tre morosame oppgåver, men krevjande oppgåver. Det som har vert spennande, og utruleg lærerikt, er at vi har hatt fleire oppgåver der pedagogikk faget har samarbeida med andre fag, faktisk så har vi hatt eit ”prosjekt” i saman med kvart einaste fag(utanom drama).

Det at vi knytar faga i saman har gjort at det har vert lettare å sjå samanheng i faga, og korleis vi kan knyta/bruka pedagogikken når vi er ute i praksis, og seinare ute i jobb. Til dømes samarbeidet med KRL, når vi hadde det yrkesetiske seminaret. Då fekk vi sjå kor viktig det er å vera konsekvent over kva ein seier og gjer, og vita korleis vi skal takla vanskelege situasjonar som oppstår i arbeide som lærar. Til dømes skal vi kombinera etikk, moral, lovar og reglar, og kombinera dei faktorane samstundes med og tenka på elevanes beste.


Den fyrste oppgåva vi hadde var ”mattematikk og pedagogikk” oppgåva. Det var eit samarbeide mellom matematikk faget og pedagogikkfaget. Det gjekk ut på at praksis gruppen laga eit undervisningsforløp i matematikk, der me skulle fokusera på at borna skulle vera ”forskarar” . Me lagde eit undervisnings opplegg, og individuelt skreiv me ei oppgåve der me knyta matematikk pensum og pedagogikk pensum i saman. Me måtte grunngi kvifor me valde å gjer det på den måten me gjorde, kva borna fekk i utbytte og kvaslags pedagogisk teori me kunne knyta inn i undervisningsopplegget.

Mattematikk og pedagogikk oppgåva var utruleg spennande og lærerik. Det var veldig vanskeleg når eg skulle skriva inn teorien, men eg lærte mykje av å gjera det. Det var den fyrste oppgåva eg skreiv i høgskulesamanheng, og det var ein utfordring i seg sjølv bare det. Noko av det som sitt best igjen etter den oppgåva er at det kan vera vanskeleg og kombinera teori med praksis inn i ei oppgåvetekst, og at ting veldig ofte ikkje er likt i teori og praksis.

Oppgåve nummer to var ”samansatt tekst”, det var eit samarbeide mellom norsk og pedagogikk. Detter var ei oppgåve der vi skulle jobba saman to og to. Oppgåva gjekk ut på at vi skulle laga ein ”film” der vi ”reklamerte” for ei bok.”Filmen” skulle innehalde bilete, ein film, eller animasjon og lydklipp. Vi skulle rett og slett laga ein filmsnutt som skulle få borna til å villa lesa boka vi presenterte.

Eg gjekk i saman med Malin, vi valte ei bok som heitar ”Eddapliks”, skrevet av Roald Dahl. Dette var ei utruleg spennande og kjekk oppgåve litt utanom det vanlege. Verken eg eller Malin hadde særleg erfaring når det gjaldt slike formar for oppgåver, vi var heller ikkje heilt inne på programmer som ”Moviemaker”, som vi skulle bruka til å laga filmen i. Sjølv om vi eigentleg hadde eit dårleg utgangspunkt gjekk oppgåva utruleg bra, vi blei riktig så nøgde med resultatet.

Den tredje oppgåva var ei gruppe oppgåve, dette var ei rein pedagogikk oppgåve. Den gjekk på temaet ”Motivasjon”, her fekk vi ein case ugitt, der skulle vi bruka teori frå pensum for å svara på to problemstillingar i henhold til teksten. Oppgåva var kjempe spanande og relevant for utdanninga, det var ei case som ein kan komma opp i når som helst, og det er viktig å sjå på orsakar, og å finna løysningar på problema som kan oppstå både med fleire eller enkelte elevar i ein klasse.

Det å måtta knyta teori oppimot kvifor ein vil gjera som ein gjer var utruleg lærerikt. Her fekk vi bruka mykje av det me hadde hatt om tidligare i år, noko av teorien me brukte var; attribusjonsteorien, behovshierarkiet til Maslow, fenomenologiske sjølvet, Vygotskij sin teori om at læring skjer gjennom kommunikasjon og samtale, pluss litt generell fakta kva motivasjon er osv…

Mitt pedagogiske grunnsyn:

Alt i alt så har det vert nokon lærerike oppgåver, og eg må sei at det eg har lært detta året har påverka mitt syn på korleis ting ”skal gjeras”. Ikkje minst kva pedagogisk grunnsyn eg heller imot.

I starten av året var eg veldig begeistra for MI-torien til Howard Gardiner. Grunnen til at eg var så begeistra for denne teorien i byrjinga var at den fokuserar på at alle er smarte i noko. Han seier at alle har ein eller fleire intelligensar. Alle er flinke i noko, sjølv om ein ikkje er flink i alt, så kan ein noko, og er det noko ein ikkje kan, så kan ein bruka det ein er flink i til og læra seg det ein ikkje kan så godt. Er ein til dømes lese klok, kan ein nytta denne intelligensen til å læra meir om naturen(naturklok).

Skåredalen skule brukar denne teorien veldig mye, der fekk eg eit breiare innblikk i korleis det var å bruka denne teorien i praksis. Etter praksis periodane er ferdige og eit år med pedagogikk undervisning er ferdig har mitt pedagogiske grunnsyn fått eit litt anna synsvinkel. Det har nok noko med erfaringar eg har fått, og ting eg har opplevd både i praksis og eigne erfaringar eg har fått som student( også eit betre innsyn i dei forskjellige teoriane).

Nå heller mitt pedagogiske grunnsyn meir mot Lev Vygotsky sin sosiokultulrelle teori. Den baserar seg på mange av tankane, og erfaringar eg har fått det her året. Teorien til Vygotsky legg særleg vekt på at læring skal skje i samhandling med andre og ikkje aleine. Vygotsky meiner den viktigaste faktoren for læring er språket. Han fokuserar på samarbeid, han meiner også at læraren ikkje skal gje elevane svara, men rettleia dei. Gjer elevane feil skal ikkje læraren sei at det er feil, men rettleia elevane og visa dei veg. Stilla dei spørsmål til det dei har gjort. Altså få elevane til å oppdaga feila sjølv, og få dei til å finna ei anna løysning, ei løysning som forhåpentlegvis er rett.

Vygovskys teori støttar eg av fleir årsaker. Hovudgrunnen er fordi eg har sett at elevar oftast jobbar betre i grupper, sjølvsagt om det er lagt til rette for det ( gruppe inndeling osv..) Det at språket er viktig støttar eg også, for nesten all kommunikasjon skjer gjennom språket. Eg er også ein stor tilhengar av at lærarane ikkje skal gje elevane svara, men rettleia dei slik dei kan tenka for seg sjølv. Eg trur ein lærar mykje betre om ein provar og feilar, enn om ein bare får svara rett i fanget.

Det er også fleir teoretikarar som eg finner det verd å nemna. John Dewey til dømes, han har et kjent utrykk som seier” learning by doing”. Det syns eg han har heilt rett i, eg trur at av å få utforska og som tidligare nemnt prova og feila, lærar ein mykje meir. Vygovskys teori og Deweys teori henger litt saman syns eg. Det å få utforska og finna ut av løysinga sjølv gjer at ein får eit breiare innblikk i kva ein eigentleg driv med og ein vil nok få ein betre forståing kva ein har lært, kombinerar ein dette saman med andre kan nok læringsutbytte bli større.

Praksis:

Ein av dei tinga eg i år har lært mest av er praksis. Der har eg fått smaka skikkeleg på nokon av utfordringane ein kan komma oppi som lærar. Eg har fått sjå at det er ikkje berre å undervisa ein skal som lærar, å formidla fagstoff er berre ein liten del av oppgåva.

” Å væra lærar er ingen jobb! Ein lærar må gløda. Å væra lærar handlar fyrst og fremst om å gi borna lyst til å læra og mot til å leva” - seier Inger Eidsvåg. Og det er vel her nokon av utfordringane kjem. Eg merka det spesielt i praksis, det var ikkje alltid så lett og få borna til å ”villa” læra, og å motivera alle var heller ikkje alltid lett.

Det er ikkje berra mappeoppgåva som har påverka mitt pedagogiske grunnsyn, om ikkje meir har praksis hatt stor påverknad på meg og mitt synspunkt. Her har eg fått sjå korleis borna jobbar, korleis dei tenkar, og ikkje minst korleis dei lærar. Det er viktig å spesifisera at alle born er ulike, og at dei alle lærar forskjelleg. Men det er utifrå fleirtalet eg seier det eg gjer, og har danna mitt pedagogiske grunnsyn på.

Praksis har gitt meg mykje lærdom. Sjølv om det har vert nokon tunge timar, og motivasjonen ikkje alltid har vert på topp er eg sikker på at det er lærar eg vil bli. Vi har hatt ein super praksis lærar som har lært meg mykje. Ho har vert kjempeflink på å gje konstruktiv tilbakemelding både på det positive og det negative, og det har eg prøvd å ta til meg eiter beste evne.

I tilbakemeldinga for heile praksis perioden skreiv ho ”du er utruleg flink til å ta til deg tilbakemeldinga eg gjer deg, eg ser at du til ein kvar tid jobbar med det eg har bedd deg om å tenka på, eg ser du vil, og eg ser du er villig til å læra og tar til deg alt som blir sagt”. Den tilbakemeldinga der sat så eit skudd, og eg blei utruleg glad. For meg er det kjempe viktig. Det å kunna ta til seg positiv og negativ tilbakemelding. Ikkje minst klara å ta tak i det, og at ein klarar å ta til seg kritikk og ikkje mista motet, men å forsetta og jobba er ein utfordring. Eit ordtak Birgit sa ein gong som sat seg på minne var ”visst du trur du er ferdig utlært er du ikkje ferdig utlært, men ferdig”, og det trur eg på fullt og heilt. Så difor er det viktig å kunna ta til seg kritikk, og jobba å vidare med det, slik du kan bli betre.

Eg har merka i løpet av året, at å setta seg mål for kvar praksis periode er viktig, eg gledar meg allereie til neste praksis periode, og målet mitt er då å få knyta endå meir teori inn i timane og ikkje minst i tankegangen min. Eg vil også bli flinkare til å skriva diamant skjema for timen, der KVA, KVIFOR, KORLEIS er dei mest sentrale punkta. Det og til ein kvar tid vita kva ein skal gjer, kvifor ein gjer som en gjer, og korleis ein skal gjer det, er viktig. Det er ikkje alltid det blir slik ein hadde planlagt, men da kan ein gå tilbake å ”retta” det opp, slik du veit at til neste gong må ein tenka, eller gjer litt annleis.
Avsluntning:
Utifrå mine erfaringar og det eg har lært dette året så har eg fått eit litt betre innblikk i kva ein god pedagog er. På spørsmålet på kva ein pedagog er så har eg ennå ikkje heilt funnet ”min fasit” . Det kommer an på kim som spør, og kven enn spør, men min konklusjon på ein god pedagog er ein som kan sjå kvar enkelt individ og deira behov. Ein som kan mye om læring og tilrettelegging hos enkelt individet.


Til slutt vil eg sei det at det er både kjekt og litt vemodig at fyrste året allereie går mot slutt. Eg gledar meg til neste år, då skal eg få læra meir. Det har vert eit spennande år, med mange utfordringar utanom skulen også, så nå gler eg meg til ein skikkeleg sumarferie til og samla nye krefter til eit nytt skuleår, der eg forhåpentlegvis kan fokusera på skulen og ikkje masse anna tull.

God sumar alle samen, husk å ta dykk ein velfortent ferie, for å samla nytt kryttt til eit nytt år som lærar studentar. :)







1 kommentar:

Birgit E. Olsen Bratseth sa...

I Kunnskapsløftet står det at skulen skal ha "Rom for alle, og blikk for den einskilde", og det tykkjer eg er eit godt utgongspunkt. Eg ynskjer deg og god sommar, og vil seia det har vore kjekt å bli betre kjend med deg, Cecilie...

Birgit :-)