torsdag 1. mai 2008

Oppsummeringa av året (skulefrukost på Børtveit)!

Takk for i år!

Sola skin, magen er rar, tenk at dette er siste dag .
Frukost me har i lukkeleg lag, når me avsluttar dette fag.
Det er noko eg ikkje forstår, nemleg at pedden er over for i år.
Mykje eg har lært, ja det er nesten litt sært.
Læringsteoriar og strategiar sitt igjen, eg har blitt deira besteven.
Alt har gått så fort, ja det er nesten dårleg gjort.


Av: Cecilie.


----------------------------------------------------------------------------
Fantastisk ide Birgitt!! Ein super måte å avslutta eit spennande og lærerikt år på. Sia du var så oppfinnsam tenkte eg at eg fekk laga eit lite dikt som kort fortel om mitt år som student hos deg.
Frukosten var kjempe koselig og maten var god. Etter frukost fekk vi sjå dei andre sine samansette tekstar. Eg var utruleg spent på korleis dei andre i klassen hadde tolka oppgåva. Det var utruleg morosamt å sjå alle filma, det var møkje bra her. Kjekt å sjå så mye kreative tankar komma ut i film. Dei fleste av oss hadde aldrig gjort noko slik før, så eg må sei at eg er imponert av oss!

Dagen var ein fantastisk flott måte å avslutta eit spennande og utfordrande år som fyrsteårs studentet i pedagogikk på! :)

1 kommentar:

Hilde Marie sa...

Kjempe bra dikt Cecilie;)

Lykke te med eksamensinnspurten!

Klem fra Hilde Marie