torsdag 1. mai 2008

Dei stille born!




Under skulefrukosten tipsa Birgitt oss om eit emne som skulle gå på NRK sitt tv-program PULS, eg hadde ikkje moglegheit til å sjå det då, men heldigvis legg dei ut på internett. Eg gjekk derfor inn på http://www1.nrk.no/nett-tv/indeks/128848 for å sjå kva detta eigentleg var.

Programmet var fantastisk, det er så utruleg bra at slikt blir eit tema. Slike program skulle vert vist på alle skulane i Noreg. Det er skremmande at 5-8% av dei norske borna lid av innagerande åtferd. Vi høyre ofte det dei som bråke rop om hjelp, men vi glømme dei stille. Dette innslaget på puls er jo eit godt bevis på at det ikkje alltid er slik.

Det er heilt fælt at det sitter så mange born rundt i Noreg og ikkje blir ”sett”. Tenk dei kjenslene dei går rundt å bære på. Skulen er nøtt til å opna augna. Skulen har mange resurrsar å lærarane burde kunna sjå elevane sine som treng hjelp. Eg trur nok dei fleste gjer det, men her kjem tid og pengar inn. Som er har nemnt tidligare i bloggen min så burde det vert satt av meir pengar til skulane i Noreg. Det burde vert fleir lærare spesielt med spesiale- pedagogikk. Det burde vert mindre klassar, slik læraren faktisk kunne få tid til alle eleva.


Det er ikkje noko og legga under ein stol at det lett blir slik at dei ”stille borna” blir oversett og dei borna som bråke får mye merksam rundt måten dei ter seg på. Eg vett ikkje om eg tek feil nå, men eg har eit lite inntrykk av at dei som er ”bråkmakar” heller ikkje alltid får den ”rette” merksamen som dei treng. All for møkje av fokuset blir på at dei forstyrr dei andre i klassen.

Det er nok lettare sagt enn gjort å finna ein løysning på slike problem ute i skulen, men ein oppfordring til alle som er eller skal bli lærar, ”sjå” bruk sansane dine, ”sjå, føl, kjenn, høyr” Det er ein viktig jobb vi har og skal få. Borna er avhengig av at vi faktisk ser dei.



Er det nokon som treng hjelp, har dei krav på å få det!

Ingen kommentarer: