Eg har valt å skriva om ein lærar som har betydd mykje for meg og som har fått meg te å sjå ansleis på eit fag som eg trudde eg ikkje kunne, eller likte.
Denna læraren har også fått meg te å sjå at du kan væra ein god lærar og få alle elevane fornøydt. Ofte når barn og ungdom seie at ein lærar er kjekk er det når læraren gir dei fri ikkje bryr seg så mykje om det vart bråk i klasserommet eller ikkje, men her var det ikkje slik:
Læraren min var unik, eg hadde ho i naturfag når eg tok påbygg på Vardafjell. Når eg starta opp grua eg meg noe frykteleg, den forrrige læraren min i naturfag var talentlaus, han var fra Østerrike snakka dårleg norsk.Han sto berre fremme og mumla for seg sjøl. Lurte elevane på kvifor det var slik, svarte han, "du skal ikkje skjøna det, du skal berre gjera det". Problemet me meg var ikkje berre det at eg ikkje forsto, men også hadde vanskeleg med å utrykka meg skrifteleg. Når han ikkje var villeg te å høyra på kvifor eg sleit, eller kva som var problemet blei det ein dårleg opplevese for meg.Eg blei sittande frustrert me ein 2`ar utan at nokon brydde seg.
Men så kom den nye læraren min inn og snudde denne dårlege kjensla på to månedar.Ho var ein lærar som fekk alle engasjerte og vart påtagen av at alle skulle få sjans te å skjøna det me helde på med. Ho var også veldig oppteke med at kvar enkelt elev hadde forskjellege behov. Etter den fyrste prøven tok ho kontakt med alle elevane hennar, og spurde om det var noko de sleit me, om de var nøgde me undervisninga. Under min samtale kom det fram at ho ikkje heilt forsto at eg som var så ivreg i timane å nesten altid svarte på spørsmåla hu stilte kunne få på prøven. Ho lurte da på om der var eg som ikkje hadde gidda å lese eller om eg hadde eint problem.
Då eg forklarde ho at eg ikkje heilt visste kva problemet var, men eg hadde lest mykje og faktisk både skjønte eg og hugsa det. Problemet var når eg kom på prøven og skulle skriva det eg kunne, fekk eg ikkje det eg hadde i hovudet ned på papiret.Men det var visst ikkje noko problem, ho hadde redningen; ho lurde på om eg ville ha neste prøve muntleg for å sjå om det kunne hjelpa.
Neste prøve var på veg, eg las og gjorde oppgåvene på den måten eg alltid har gjort. Og då prøvedagen kom var eg klar. Dei elevane som skulle ha prøven muntleg, møtte opp etter at resten av klassen var ferdige med sin skriftlege. Der fekk me den same prova,men ho spurde oss spørsmåla og me svarte muntleg, mens ho noterte svara. Dermed kunne ho retta prøven på den same måten som ho gjorde med dei andre. Nokon veker etter fekk eg prøven igjen, og då kom gjennombrotet! Eg fekk 5+ eg var to poeng fra ein 6`ar. Eg har aldreg vore så glad for ein karakter før, endeleg fekk eg igjen for all øvinga til prøva.
Å få ein lærar som klarte og sjå kva elevane trengte var supert, nesten alle elevane fekk bedtre karakterer enn det dei hadde hatt før. Ho hadde varierte timar og hadde ein unik evne til å forklara slik st alle som ville forstå gjorde det. ALle i klassen deltok, og dei som ville gjera det godt hadde moglegheita til det.
Eg har ennå ikke klart og knekka koden på korleis ho klarte å få alle med, men ho forklarte og snakka på ein slik måte at du berre måtte følja med. Ho klarte til og med å få oss til og forstå. Det var akkurat som et ljos som gjekk opp for oss. Ein lærar som var villeg til og gje av si fritid, for å tilrettelegga timane slik at både de sterke og svake fekk delta. Og dei som jobba ekstra, og faktisk ville læra fekk moglegheit til det.
Ho har hjulpet meg mykje utenom faget og, var det noko stilte ho alltid opp. Ho fekk eigentleg et litt vanskeleg år på skulen til og bli morsomt. Ho inspirerte meg til og fortsetta og at arbeid faktisk lønna seg. Ho var med på å få meg til og bestemma meg 100% på at det var lærar eg ville bli. Eg vett det ikkje er lett, men målet er å bli ein lika god lærar som ho.
onsdag 29. august 2007
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
1 kommentar:
Så flott å lesa om korleis den nye læraren såg potensialet ditt, og fekk fram meistringskjensla og full "pott" på karakter i høve til eit fag du hadde dårleg erfaring med. Den erfaringa må du ta med deg vidare, Cecilie. Ho er eit førebilete for deg i di eiga utøving av læraryrket.
Birgit :-)
Legg inn en kommentar